Våre sekker
Vi har 2kg, 5 kg, 10 kg og 25 kg sekker
RETT LAGRING ER MØRKT OG SVALT. KJØLESKAP ER OFTE FOR KALDT!
Med rett lagring kan uvaska poteter lagrast lenge.
All unødig handtering (vasking, polering ol.) av poteta før den kjem på kjøkkenet forringar kvaliteten.
Uvaska poteter er ei levande vare. Legg du dei i jorda, veks det fram nye planter. Uvaska poteter har også med seg aromaen frå jorda der den er dyrka inn på kjøkkenet.
Mandelpotet har stutt koketid, ned mot 15 - 20 minutt.
Dersom potetene blir kokt for hardt, kan dei lett koke sund. Gje potetene eit raskt oppkok. La dei trekke på svak varme i vatnet til dei er kokte. Dampkoking kan vere det beste. Mandelpotet kan også råsteikast i panne eller bakast i omn.
Potetstapp av mandelpotet og godt meierismør, m m m…
Poteta passer godt til det meste av mat, men til fisk er den absolutt best.
Prøv å eta poteta med skalet på.
Mykje av smaken på poteta sit der. Skalet er rikt på fiber, kalsium, jern, sink, fosfor og B- vitamin.
Copyright © All Rights Reserved